Det var en milepæl både for naturdokumentar-sjangeren og for Are Pilskog da han fikk beskjed om at filmen Havets sølv var blitt nominert til Amanda som beste dokumentar. Nominasjonen er blitt lagt merke til blant annet i NRK og kan bli et viktig argument i ordskiftet mellom oss som produserer naturfilm og de ulike bevilgende instanser.
– Eg fekk ein hyggeleg telefon i juni om at filmen var nominert til
Amanda. “Amanda” tenkte eg, “det er jo stort… trur eg”. Det tok nok litt
tid før det gjekk opp for meg, og også litt tid før eg fant ut kor viktig
ei slik nominasjon faktisk er, sier Are til Norsk naturfilmforenings nyhetsbrev.
– Eg har jo etter kvart skjønt at ein Amandanominasjonen er stort, og at det
er spesielt viktig med tanke på framtidig finansiering av prosjekta. Ein
Amandanominasjon vert lagt merke til, det merkar eg både lokalt her på Sunnmøre og på større regional og nasjonal basis. Eg synest også at det er kjekt at sildefenomenet og
filmen fekk ekstra PR.
– Men hvem var det som hadde anbefalt filmen for Amanda-komitéen?
– Korleis filmen vart nominert veit eg ikkje. Det må jo ha vore ein eller
annan person i ein eller annan komite som har latt seg begeistre. Når det er
sagt trur eg det kan vere gunstig å få filmen inn på den norske
dokumentarfilmfestivalen i Volda og kortfilmfestivalen i Grimstad slik
“Havets Sølv” vart. Eg veit at dei to andre filmane som vart nominert kom
til Volda men ikkje til Grimstad. Det kan jo også ha vore på NRK filmen
har blitt sett.
– Og så havnet du i stivpynten på rød løper i Haugesund på vegne av alle oss andre naturfilmere. Vi får håpe du representerte sjangeren på en verdig måte og holdt natta ut?
– Sjølve utdelinga var hyggeleg, men det var også litt slitsomt å sitte og
vente på at ein kanskje måtte opp og seie noko fornuftig. Eg fekk betalt
eiga reise og opphald for to med gratis ingang for fire personer. Det var
vorspiel i rådhussalen, deretter raud løpar og sjølve utdelinga. Den raude
løparen fungerte jo ikkje for alle … der stod journalistane og ei
håndfull stjerner. Kanskje like greit, for det er ikkje heilt greia for ein
naturfilmskapar.
– Ble det en nedtur at du ikke gikk helt til topps?
– Eg er sjølvsagt veldig stolt over å representere naturdokumentarsjangeren i
Amanda-samanheng. Det er veldig kjekt om det kan bidra til å opne nokre dører. Men det at eg ikkje måtte opp og takke i flomlyset lev eg veldig godt med, sier Are.
Nå har Are i tillegg fått prisen for beste norske kortdokumentar og i tillegg filmweb sin talentpris under BIFF og det er jo også forsåvidt ein liten milepæl :)
BIFF er Norges største filmfestival og seiler opp til ein av dei viktigaste for dokumentarfilm. Det virker som bransjen virkeleg har fått augene opp for naturfilmsjangeren og det er jo veldig stas sier Are.
– Du har et firma som heter Blåst Film, hvordan går livet der videre nå?
– Blåst Film er først og fremst meg og bror min, og vi er begge
småbarnsforeldre og har såleis ingen hastverk. Men på lengre sikt har vi
store ambisjonar om større ting enn det vi har gjort til no. Vi kjem nok
fortsatt til å lage både dokumentarar der dyr og natur står i sentrum og
dokumentarar om menneske, men då gjerne menneske nært knytta til naturen.
– For tida er det først og fremst arbeidet med filmen “Kunsten å legge seg paddeflat” vi jobbar med. Det handlar om ein lokal paddeveg på Sunnmøre. Eg er også involvert i eit kunstfilmprosjekt som kanskje sender meg ein liten tur til Svalbard, og faktisk ein liten teiknefilmserie om sjøfugl, sier Are, og sender oss noen nettlenker som forteller mer om Amanda-nominasjonen og paddefilmprosjektet han jobber med.